A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Kor godt er lokaldemokratiet?

Korleis opplevar innbyggjarar og folkevalde lokaldemokratiet i norske kommunar? Kva utvikle og gjera betre?
Rådmann Terje Nysted

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og KS inviterte 50 kommunar til å væra med og teste ut et verktøy for lokaldemokratiutvikling. Dette som grunnlag for oppretting av ein lokaldemokratidatabase.

Forsand kommune var ein av kommunane som var med i denne undersøkinga. Her blei både folkevalde og innbyggjarar spurt om svara på undersøkinga.

Rådmann Terje Nysted i Forsand kommune seiar følgjande.

KS sin demokratiundersøkelse viser at Forsand kommune ligg om lag på snitt samanlikna med andre små kommunar.  Det ein kan merke seg, er at særinteressene får meir gjennomslag i Forsand enn i  andre kommunar.

Undersøkinga viser og at kommunen kan bli mykje betre når det gjeld raskere sakshandsaming.

Det som er gledelig, er at innbyggjarane er godt nøgde med kommunen sitt tenestetilbod.  Her ligg Forsand og godt ann i høve andre kommunar ein samanliknar seg med. Eg vil gje ros til tilsette som utførar tenestene. Forsand skårar og svært godt på at ein tek omsyn til innbyggjarane sine synspunkt.

Alt i alt syner undersøkinga at både politikarar og tilsette syter for gode tenester for innbyggjarane i kommunen - og det er positivt.



Her kan du sjå rapporten av resultatet til Forsand kommune.
 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett