Lag og organisasjonar kan søkje om følgjande tilskott:
Nytt elektronisk søknadsskjema Kulturmidlar som du finn under menyen Skjema til høgre.
Generelle kriterium som ligg til grunn for tildeling av kommunale kulturmidlar.
1. Hovudregel er at det bare blir gitt støtte til lag og foreningar som er registrert i Forsand. Bare i særlege tilfelle kan det vurderast å gje støtte til andre lag (t.d fylkeslag o.l.) som gir tilbod som enkeltpersonar i Forsand elles ikkje ville få tilbod om.
2. Aktivitetar for barn og unge er prioritert.
3. Kommersiell drift, lag eller aktivitetar som tek sikte på økonomisk vinning har ikkje rett til støtte.
4. Ingen lag/foreningar kan få støtte frå meir enn ei kommunal ordning/post.
5. Lag/foreningar som samlar inn midlar til velgjerande føremål utan å skapa allmenn kulturell aktivitet fell
utanom støtteordninga.
6. Organisasjonar som har til oppgåve å ivareta medlemmene sine yrkesmessige eller økonomiske interesser fell utanom ordninga.
7. Organisasjonar som bare har vaksne medlemmer fell i utgangspunktet utanom ved ordinær tildeling av grunntilskot/drift av laget. Dersom desse laga skipar opne kulturelle aktivitetar for ålmenta vil dei derimot ha høve til å søkja om aktivitetsstøtte/underskotsgaranti.
8. Minimumsutbetaling for dei ulike støtteordningane er kr 500.
9. Dersom innvilga støtte ikkje blir brukt i samsvar med retningslinjene, kan dette medføre krav om tilbakebetaling.
10. Alle administrative vedtak har skriftleg klagerett.
SØKNAD OM STARTTILSKOT, DRIFTSTILSKOT OG GRUNNTILSKOT: