A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Kulturminneplan - synfaring rundt om i kommunen 10. - 14. september

Forsand kommune skal før samanslåing til ny kommune 1.1.2020 utarbeida ein kulturminneplan.  I tidsrommet 10 – 14 september blir det ei feltsarbeidsveke dvs at me som jobbar med planen kjem rundt om i kommunen å ser på bygningar og ulike kulturmiljø. Bygg som blei registrert i Sefrakregisteret på 1990 talet.  Til orientering så er Sefrak eit landsdekkande register over bygningar bygd før år 1900. Når me er rundt vil me gjerne få lov til å ta bilete.

Dersom ditt bygg blir aktuell i planen vil me ta kontakt, både for å høyra om historia, men og for å spør etter eldre bilete.

 

Dei som kjem rundt å ser vil i hovudsak vera kommunalt tilsette.  Ansvarleg for kulturminneplanen vil vera kulturkontoret.  I tillegg kjem Roy Høibo, pensjonert direktør på Ryfylkemuseet, som skal skriva vår kulturminneplan og Lise Bjelland som får ansvar for foto.

Kva er ein kommunal kulturminneplan

Ein kulturminneplan er kommunen sin oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø. Planen gir kunnskap om fortida og avklare kva kulturminne som er viktige å ta vare på i framtida.

Korfor laga ein kulturminneplan når me snart er ny kommune ?

Desto viktigare blir dette arbeidet. Gjennom kartlegging og lokal medverknad får me materiale for å laga ein god framtidsretta kulturminneplan som seier noko om kva Forsand har i dag.  Me er klar over at mykje med bygningane kan vera endra sidan registrering på 90 talet, og me leitar derfor etter unike og autentiske objekt.

Kva skjer vidare

Etter å ha vore ute i grendene og fått oversikt vil me be inn til inspirasjonssamlingar med utveksling av kunnskap lokalt i grendene og sentralt på Forsand.  Målet er å få medverknad frå grunneigarar, innbyggjerar, kulturinteresserte, frivillige lag m.m.  Har du gode innspel, ta gjerne kontakt alt no !    

 

Har de spørsmål, er de velkomne til å ta kontakt med kulturkontoret.  Generell info seinare vil skje via den kommunale nettsida. 

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett