A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Kulturminneplanen – ope møte torsdag 4. april kl 18.30 på Forsand kommunehus.

Bli kjent med innhaldet i vår nye  kulturminneplan.  Det er ein omfattande plan å lesa, kanskje mest som ei historiebok om vår kommune. 

Eit omfattande arbeid er lagt ned, det er viktig å merka seg at framlagt plan ikkje er eit ferdig dokument. Møte 4. april blir første presentasjon.  I tillegg blir det fleire samlingar utover våren med møte i grendene i Øvre Espedal,  på Meling og Lysebotn/Lysefjorden.   Planen blir så lagt ut på høyring med frist for innspel før politisk behandling seinare i haust.

Planen omhandlar  lokale kulturminne og kulturmiljø, med utgangspunkt i ei Sefrakregistrering som blei gjort midt på 1980 talet.    Skal me få ein god kulturminneplan som rettar seg mot ny kommune er det viktig at me saman formar framtida.  Det er derfor viktig at du kjem på møtet!   Kommunen treng innspel på det som blir lagt fram, er noko er gløymt eller rettingar som bør gjerast?  Planen munnar til slutt i ein handlingsdel med forslag til strategiar og tiltak. 

God lesing !

 

Les korrigert første utkast kulturminneplan her.

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett