A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Kunngjering av planarbeid


  • oppstart av arbeidet med ny kulturminneplan og

  • revidering av samfunnsdelen i kommuneplanen


Forsand kommune startar i medhald av plan- og bygningslova § 11 opp arbeidet med  kulturminneplan som skal vera ferdig behandla politisk før kommunesamanslåing 1.1.2020.  Før me kan laga ein kulturminneplan, må det gjerast eit grunnarbeid med systematisk kartlegging av bl.a ulike kulturminner.

Samtidig skal samfunnsdelen i kommuneplanen reviderast i samsvar med plan og bygninglova § 11. 

Me inviterer derfor til lokal medverknad frå DEG som grunneigar, innbyggjar,  kulturinteresserte person, frivillige lag og andre.

Gjennom kartlegging og lokal medverknad vil ein få samla materiale for å laga ein god  framtidsretta kulturminneplan som seier noko om kva Forsand har i dag og kva me vil prioritera å ta vare på i framtida.

Ved revisjon av samfunnsdelen vil det vera spesielt viktig å fokusera på utvikling av Forsandsamfunnet.

DU er velkommen til å koma med innspel på kva du synes bør vera med i Forsand kommune sin kulturminneplan og revidert samfunnsdel.

Ein oppmodar med dette alle lag, organisasjonar og enkeltpersonar med engasjement til å koma med innspel.  Oppstart av sjølve innsamlinga vil føregå til hausten 2018.  Det vil bli krinsvise samlingar, og besøk rundt i kommunen.  Det er derfor ekstra kjekt og ganske viktig at DU som lokalkjent vil bidra i dette arbeidet som vil bli Forsand sin identitet inn i den nye storkommunen.

Ansvarleg for kulturminneplanen vil vera kulturkontoret.  Roy Høibo, pensjonert direktør ved Ryfylkemuseet er engasjert til å skriva vår kulturminneplan.  Planarbeidet skal følgjast tett opp av ei breidt samansett lokal referansegruppa. 

Har DU innspel på viktige ting å få med i dette planarbeidet innanfor kulturminne og/eller samfunnsdelen i kommuneplanen, er det muleg å senda innspel alt i dag til Forsand kommune ; post@forsand.kommune.no.

For kulturminneplanen kan ein ta direkte kontakt med kulturleiar Eva Landre Meling, tlf 952 00 841, e-postadresse elm@forsand.kommune.no

For samfunnsdelen i kommuneplanen kan ein ta direkte kontakt med næringssjef Årstein Løland,  tlf  915 44 880, e-postadrese alo@forsand.kommune.no

Det vil komma meir info om dette arbeidet etter kvart. 

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett