A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Kunst frå Forsand på Utstein Pilegrimsgard

Kunstnarane Eva Sæverud og Synnøve Virkesdal opna sundag 3. juli sommarutstilling på Utstein Pilegrimsgard på Mosterøy. Meir enn tredve kulturinteresserte hadde tatt turen til pilegrimsgarden der dei i tillegg til kunsten fekk med seg flott visesong med Johannes Pettersen og Harald Oaland.
Eva Sæverud og Synnøve Virkesdal - lite[1]
Eva Sæverud og Synnøve Virkesdal
Eva Sæverud er keramikar og bur i Øvre Espedal der ho har bygd seg verkstad. Her arbeidar ho med bruksting laga i tradisjonell Sandnesleire, men ho lagar og skulpturelle formar i høgbrent steingodsleire.

Synnøve Virkesdal er forfattar og arbeidar med å presentere dikt i nye formar. På utstillinga har ho fylt utstillingsrommet med "Urolege dikt" - uroar med dikt på den eine sida og bilete på den andre. Ho stiller og ut handlaga diktsamlingar.

Johannes Pettersen, gitar og Harald Oaland, vokal, medverka på fortreffeleg måte med viser av Erik Bye, Einar Skjæraasen og Vamp som sto godt til utstillinga, og gav arrangementet ei lun og fin ramme.

Utstillinga er open til 22. august.



Video frå YouTube, foto: Svein Tveit

Sommarutstilling: Utstein Pilegrimsgard - Eva Sæverud og Synnøve Virkesdal, plakat

Utstein Pilegrimsgard
 

Klikk i kartet for å navigere:

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett