A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Kvalitet og service i kommunane

Lesarar av Strandbuen sist veke kan sitte att med inntrykk av at Forsand er nest dårlegast av kommunane i Rogaland på service og informasjon. Dette er heldigvis ikkje tilfelle.

Strandbuen har lest ein artikkel frå Forbrukerrådet om kommunal service som byggjer på tal og statistikk Forbrukerrådet samla i perioden 2005 - 2010. Artikkelen handlar om servicenivå i kommunar av ulik storleik.

No kan som kjend statistikk brukast til så mangt, også slik han er brukt i dette tilfellet.

Forsand vert framstilt som dårleg  på service, men går ein bak artikkelen, og litt djupare i tala han refererar til, vert bildet noko meir nyansert.

Du kan lese meir her: Kommunal service (samanstilling av testar gjort av Forbrukerrådet i perioden 2005 - 2010)

Her kan du lese meir om dei einskilde testane som det vert referert til:

2005 - Kommunal service

2007 - Kommunal service (artikkel frå Forbrukerrapporten, sjølve talmaterialet må tingast særskild frå Forbrukerrådet )

2009 - SFO    

2009 - Gjeldsrådgjeving

2010 - Teknisk etat (her vart Forsand ikkje målt)

I den fyrste testen i 2005 vart kommunane målt på informasjon på heimesida, og henvendingar på telefon og e-post. Forsand kommune fekk her 46 poeng, av 100 oppnåelege. 32 poeng vart gittt for henvendingar på telefon, medan Forsand fekk 7 poeng kvar for informasjon på heimesida og henvendingar på e-post.

Testen i 2007 målte også omfang av informasjon på heimesida, og respons på henvendingar på telefon og e-post. Forsand fekk her 70 poeng av 100 oppnåelege. Forbrukarrådet skreiv då: "To av kommunene i Rogaland, Suldal og Forsand, svarer på alle de syv e-postene vi sendte innen 24 timer. Bare to andre kommuner i Norge er like raske med å svare på alle e-postene".

I 2009 var det informasjon om SFO på heimesidene som vart sett under lupen. Forbrukarrådet ville sjå om dei fann pris på tenesta, informasjon om ferie og åpningstider, eventuelle rabattordningar, og om dei fann vedtektene for SFO på kommunen sin heimeside. Her fekk Forsand 15 poeng av 100 oppnåelege.

Forbrukerrådet gjennomførte og ei undersøking av gjeldsrådgjeving i kommunane i 2009. Forbrukarrådet fann dårleg informasjon om gjeldsrådgjeving på heimesidene til Forsand, og middels service på e-post. Ventetida for å få time var to til fire veker, og Forsand fekk 19 poeng av 100 oppnåelege. Her må det seiast at undersøkinga vart gjennomført midt i NAV-reformen i Forsand.

I 2010 var turen kommen til tekniske tenester og servicenivå på henvendingar til dei. Då undersøkte ein informasjon og kunnskap om tenestene, prisar på tenestene og presisjon i svara ein fekk på henvendingane.

Forsand vart ikkje målt i denne undersøkinga.

Maksimal poengsum for kvar måling er 100. Landsgjennomsnitt for alle målte kommunar er 49,73. Den beste - Nes kommune i Akershus - har fått 81,60, medan den dårlegaste - Moskenes i Nordland - har fått 20,60 poeng. Forbrukarrådet meiner 67 poeng eller meir gjenspeilar eit akseptabelt servicenivå.

Berre ein kommune i landet har fått godkjend i alle fem testane - Asker kommune i Akershus. Av kommunane som berre er med i fire av testane, som Forsand kommune, er det ingen som er godkjend, altså fått 67 poeng eller meir i alle fire testane.

Forsand fekk til saman 39 av 100 oppnåelege poeng på dei fire testane i perioden 2005 - 2009.

-Mykje har skjedd sidan sist Forsand vart testa i 2009, seier leiar av Servicetorget, Nancy Kjærvoll:

-Me har rusta opp nettsidene og tilbodet av elektroniske tenester, me har fått på plass ein fyldig tenestekatalog som viser detaljert informasjon om tenestene med lenker til eksterne ressursar, og me har fått på plass elektroniske skjema. Dette er ein kontinuerleg prosess i samarbeid med seksjonane. Me håpar å komme litt betre ut neste gong Forbrukerrådet gjer ein test av kommunalt servicenivå. Men kommunen treng og innspel frå innbyggjarane på kva slag tenester og service dei vil ha.

-Me skal heller ikkje gløyme at Forsand kom svært godt ut av testen IKT-Norge gjorde no i sommar for å måle nivået på elektroniske tenester i kommunane. Der vart Forsand rangert blant dei beste i landet.

Les meir om dette her: Betre tenester for folk flest - kva treng du?

Ordførar Ole Tom Guse seier at for dei fleste innbyggjarane vil opplevd service i møte med Forsand kommune være betre enn det denne samanstillinga av til dels gamle undersøkingar kan tyde på:

-Servicegraden er gjerne større i ein liten enn i ein større kommune då folk gjerne veit kor dei skal henvende seg for å få informasjonen dei treng. Utfordringa kjem når utanforståande skal oppleve den samme service og kvalitet utan den samme lokalkunnskapen som innbyggjarane har. Det er dette som må være målestokken.

-Større kommunar har gjerne fleire og meir spesialiserte ressursar å sette inn, men det er ikkje eit argument her: Seksjonane har ansvar for å få ut naudsynt informasjon om tenestene.

-Eg forventar at alle blir møtt av eit servicenivå som kan måle seg med det ein kan finne i ein større kommune.

 
 
 
 
Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett