A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Lag ein spøkelsesvideo og vinn 5000 kr

Dette er ein konkurranse i regi av Kulturhaust i Ryfylke for dei seks Ryfylkekommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Finnøy, Strand og Forsand.

 

Bur du på Forsand ? Er mellom 13 – 19 år ? -  så kan du delta i konkurransen om å laga den beste spøkelsesvideoen frå eit kulturminne i Forsand kommune. 

 

Du ser sikker både på TV og Youtube; videoar som vise at det spøke i gamle hus, eller ute i naturen som «bevis» for overnaturleg aktivitet.  Nokre ler av dette, andre trur på det.  Over heile Ryfylke finnes det mange kulturminner. Det kan vera gamle ruinar, bygningar, rester etter busetnad, gravhaugar, helleristningar eller andre spor etter folk som har levd her før oss.

 

Lag en video som «bevis» for at det føregår noke overnaturleg.  Send videolenka til elm@forsand.kommune.no

innan SØNDAG 14. OKTOBER kl 23.59.59.  Dei beste filmane vil bli vist i forbindelse med UKM. Den beste av alle innleverte vinn 5000 kr!

 

Bare hugs på at fleire kulturminne kan vera eigd av private. Spør derfor først om lov til å få til å bruka dei.  Og hugs at gamle graver ikkje skal rørast.

Sjå deg rundt om i kommunen din – lag ein video og lever denne inn slik at du får delta i konkurransen !   Spørsmål svare kulturkontoret på - LUKKA TIL !

Spøkelseshus

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett