A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge

Ledsagerbevis

Føremål med ordninga med ledsagerbevis skal vera eit verkemiddel for å førebyggja isolasjon og medverke til auka livskvalitet for personar med nedsatt funksjonsevne.
Ordninga blir innvilga etter vedtatte retningsliner.

I k-sak 9/01 vart det vedtatt å innføra ledsagerbevis for personar med nedsatt funksjonsevne frå 01.01.2001.

Kulturseksjonen administrerer ordninga i samsvar med utarbeida retningslinjer. Me vil svara på spørsmål så langt råd er, ev konferere med fylkeskommunen som har tilsett ein person som til ei kvar tid skal vera oppdatert på ordninga.

Ledsagerbeviset blir gjort gjeldane på alle kommunale kultur- og fritidsarrangement, samt arrangement der det blir gitt kommunalt tilskot/garanti for ev underskot. Ordninga går ut på at ledsager går gratis på kultur/fritids/transportmiddel som har akseptert ordninga, sjå retningsliner som blei vedtatt i kommunestyret.

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett