A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge

Legetenesta i Forsand

VELKOMMEN TIL FORSAND LEGEKONTOR

Kor finn eg Forsand legekontor ?

Forsand legekontor sine lokaler er i kommunen sitt Helsesenter, Telf. 51700340.
Helsesenteret finn du ved å kjøra rett fram etter Lysefjordbrua. I krysset ved Forsand barnehage tek du til høgre. Når du kan sjå Coop marked, vil du ha Helsesenteret på høgre sida. Legekontoret ligg på oppsida av Helsesenteret.

Ved behov for øyeblikkeleg legehjelp ring:

  • Legevakt 116 117 
  • Akutt naudhjelp 113

For andre henvendelser sjå menyval for opningstider i hovudmeny.

Samarbeidspartnarer kan ringe direkte tlf. 971 92 318 (apotek, andre helseaktører, IKT m.m.)

Før du ringer til legekontoret kan du vurdera å bestilla time eller resept på ePortal

Kva er ePortal?
ePortal er ei internettbasert teneste som gjer det mulig å kommunisera sikkert med fastlegen din. Du kan bestilla timar, kontakta forkontoret, fornya reseptane dine og få brev og anne informasjon på SMS.

Korleis kjem eg i gang med å bruka ePortal ?

For å bruka ePortal må du forsikra deg om at du er registrert med rett telefonnummer hjå legen. Du kan be dei ansatte hos legen om å registrera deg, eller du kan registrera deg sjølv på denne nettadressa: Besøk legen

Du kan her trykka på hjelp knappen, og får då den informasjonen du treng om korleis du skal bruka ePortal.

For å få SMS varsling og SMS beskjedar frå legen treng du ikkje å vera registrert i ePortal. Du må bare ta ein telefon til legekontoret og bekrefta at du ynskjer denne tenesta.

Lurer du på noko av dette ?

  • Kva reseptar du har liggjande på apoteket ?
  • Om du har rett på frikort ?
  • Kva fastlege du har ?
  • Kva vaksinar du har ?
  • Kva tid du har timeavtale på sjukehuset ?
  • Kva som står i eit utvalg av journalane dine frå sjukehuset ? (frå 21.09.16)

Då kan du gå inn på denne nettadressa: Min helse 

Har ikkje den fastlegen du ønsker ledig ?

Då kan du gå inn på denne nettsida: Leger.no

Du vil då få ein SMS når legen har ledig på lista si. 

Har du sjekka din eigen kjernejournal ? 

Kva er kjernejournal ?
Kjernejournal samlar dei viktigaste helseopplysningane om deg frå offentlege registre. 

  • Kritisk informasjon
  • Besøkshistore sjukehus
  • Legemidler
  • Familie, adresse og fastlege

Du kan lesa meir om kjernejournal på denne nettsida: Kjernejournal
Eller du kan sjå denne filmen: Kjernejournal film 

Bruk PasientSky på Forsand legekontor 

Kva er PasientSky ?
Her kan du logga deg på med BankID eller Buypass, og sjå kva uteståande og betalte fakturaer du har. Du kan bruka både PC, nettbrett og mobiltelefon.

Du kan lesa meir om PasientSky på denne nettsida: PasientSky 

 

Tilrettelagt transport. TT

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett