www.forsand.kommune.no

Manglande respekt for skilta parkeringsfelt

Publisert: 20. desember 2011 , oppdatert : 20. desember 2011
Pasientar på legekontoret og folk med ærend på kommunehuset opplever stadig at oppmerka parkeringsplassar for besøkande og funksjonshemma er okkupert av andre. Dette skaper problem for utrykningskjøretøy, varelevering, personar med parkeringsbevis for funksjonshemming og andre som skal på korttidsbesøk.
Parkering Forsandheimen
Parkering Forsandheimen
Parkering Kommunehuset
Parkering Kommunehuset
Eigedomsansvarleg Dag Oaland oppmodar folk om å vise respekt for skiltinga:

-Me ser ofte at folk tek seg til rette, parkererar i strid med skilting, og gjerne kjører til døra om det let seg gjere. Dette gjeld både tilsette og besøkande, og kan ikkje fortsette.

-Me ber om at folk følger skilting og respekterar oppmerka parkering for funksjonshemma.

Her kan du sjå nokre eksempel på kreativ parkering:
Tips ein ven Skriv ut