A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Me må spara straum!

På grunn av lite nedbør og høgt strømforbruk er vassmagasina på eit historisk lågt nivå.

Fylkesmannen varslar om faren for straumrasjonering dersom det ikkje kjem store mengder nedbør i form av regn eller ein god varmeperiode.
Det kan då verta aktuelt å kople ut straumen til husstandar og næringsliv i periodar.

Den beste måten å spara straum på, og unngå utkopling, er at me reduserar straumforbruket i nokre veker framover til snøsmeltinga startar. Eg ønskjer derfor at Forsand kommune og innbyggarane skal gå føre som eit godt eksempel. Sjølv om me er ein kraftkommune skal me ta vår del!

Frå måndag 28. mars vert ikkje gatelysa tende når mørket fell på. Dette gjeld område der det er meir enn 5 lampar.  Samtidig skal me forsøka redusera straumforbruket på kommunale bygg.

Kvar husstand i Forsand bør gå igjennom sitt eige forbruk og sjå om ein kan spara. Til dømes kan ein vera meir bevisst på å fyra med ved sjølv om det er 5-10 plussgrader ute. Då er det veldig lett å la elektriske omnar gjere jobben.

Har du enda ikkje skifta til sparepærer i utelysa eller kalde rom som kjeller, gang, garasje eller vaskerom? Då er det lurt å gjer det nå!

Eg håper ikkje at dei mørklagte vegane i kommunen vil skapa problem, men oppfordrar alle til å finna fram lommelykt, sjekka sykkellykta og husk REFLEKSVEST!

Gatelysa vil verta skrudd på igjen når kraftforsyninga har betra seg. Dersom du ønskjer å sei noko om dei mørklagte vegane så ta kontakt med meg på 91113013 og ikkje til Forsand Elverk.

 

Ordførar Ole Tom Guse

 
Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett