Både privatpersonar og offentlege instansar kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn kan ha det vanskeleg. Det blir ikkje kravd at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding. Barnevernstenesta skal
Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at born blir utsette for grov omsorgssvikt.
Jfr Lov om barneverntenester § 6-4.
Kriterium er ikkje at ein skal vite/dokumentere, men når det er grunn til å tru at eit barn blr utsett for omsorgssvikt
Offentlege instansar kan likevel i samarbeid med foreldre melde frå til barneverntenesta før meldeplikt inntrer.
Du kan melde frå til barnevernstenesta skriftleg eller munnleg, over telefon eller ved personleg oppmøte. Meldinga di kan òg vere anonym.
Barnevernstenesta skal snarast, og seinast innan éi veke, gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar. Du skal få ei stadfesting innan tre veker om at meldinga er motteke. Dette gjeld ikkje når meldinga er klart grunnlaus.