A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Misfornøyd? Meiner du at politikarane diskuterar alt anna enn dei virkeleg viktige sakene?

Mi sak er kanskje også din sak?

Om du har ei sak du brenn for, er vegen fram til politisk handsaming kanskje ikkje så lang som du gjerne fryktar: med bakgrunn i kommuneloven har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) opna ei eiga nettportal som skal gjere enklare for innbyggjarar som deg og meg å fremje saker for kommunestyret:
Innbyggjarinitiativ
Innbyggjarinitiativ

Portalen heiter misak.no og du finn lenke til Forsand-utgåva av han nede til høgre på framsida.

I kommuneloven § 39a heiter det mellom anna:

"§ 39a Innbyggerinitiativ

1. Kommunestyret eller fylkestinget plikter selv å ta stilling til et forslag som gjelder kommunens eller fylkeskommunens virksomhet, dersom minst 2 prosent av innbyggerne, alternativt 300 i kommunen eller 500 i fylket, står bak forslaget."

Kva er eigentleg innbyggjarinitiativ?

Gjennom å samle underskrifter har du som innbyggjar i ein kommune eller eit fylke rett til å sette ei sak på det politiske sakskartet.

Du må samle underskrifter frå minst to prosent av innbyggjarane, noko som for Forsand betyr mindre enn 30 underskrifter, med ei folkemengd på 1226 innbyggjarar 1.10.2012.

Gå til portalen misak.no som du finn på framsida, registrer deg, og bli den første til å fremje ei sak.

På nettsidene til portalen kan du lese meir om innbyggjarinitiativ og rettleiaren som KRD har gjeve ut.

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett