Har du behov for å nytte motorkøyretøy, motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag til føremål som ikkje er offentleg godkjende nytteføremål, må du søkje kommunen om fullmakt. Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og å auke trivselen. I hovudsak er bruk av motorkøyretøy til til dømes redningsteneste, jord- og skogbruksnæring og faste bustader tillate etter lova, medan for ferdsel til andre føremål må du ha fullmakt frå kommunen. Merk at du ikkje kan få løyve til turkøyring (sjå unntak for Finnmark og Nord-Troms).
Du må søkje om godkjenning for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei føremåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter
I unntakstilfelle og når det ligg føre særskilte grunnar, kan kommunen gje løyve til motorferdsel som er knytta til føremål som forskrifta ikke nemner spesielt. Du må ha eit særskilt behov som ikkje kan bli dekt på annan måte, og som ikkje er knytta til turkøyring. Kommunen vil gjere ei konkret vurdering. Behovet ditt blir vurdert mot moglege skadar og ulemper. Det skal mykje til før ein kan gje ein slik dispensasjon. Generelt er det vanskelegare å få dispensasjon for å køyre på barmark enn på snødekt mark. Før det blir gjort vedtak som har innverknad på naturmangfaldet, skal kommunen òg vurdere ein del miljørettslege prinsipp (sjå naturmangfaldlova).
Sjå lov om fritids- og småbåter §§ 38-40 (vasskuter). Sjå forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag, spesielt § 2 (motorferdsel på bar mark), § 3 (motorferdsel på vinterføre), § 4 (unntak for Finnmark og Troms), § 5 (bruk av snøskuter) og § 6 (om unntakstilfelle)
Kommunen (eller Fylkesmannen) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.
Søknadskjema for motorferdsel i utmark
Søknaden må sendast i god tid.
Forsand kommune
Servicetorget
4110 FORSAND
eller:
post@forsand.kommune.no
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.