Ein omsorgsbustad er ein bustad som er tilpassa rørslehemma og lagt til rette slik at bebuaren skal kunne ta imot heildøgns omsorg etter behov. Bustaden er bebuaren sin eigen heim. Bebuaren betalar husleige og mottek heimetenester på same vilkår som for andre heimebuande.
Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre.
Kommunen tildeler omsorgsbustad etter vedtekne reglar.
Dette er ikkje ei lovpålagd teneste. Opphald i omsorgsbustad er regulert gjennom husleigekontraktar, jf. husleigelova. Tildeling av omsorgsbustad er eit enkeltvedtak med dei rettane og pliktane som følgjer av forvaltningslova.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsbustad, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegne, må vedkommande ha fullmakt.
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket ender.
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.