A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Opplæringsfiske for ungdom i Espedalselva

Sigurd Espedal i Forsand Jeger- og fiskerforening (FJFF) minner om opplæringsfiske for ungdom i Espedalselva neste helg: 

Fiske
-Har du lyst til lære meir om laksefiske i elv bør du melde deg på til opplæringsfiske 9.-11. juni no: 

-FJFF har sett av heile tre dagar til opplæringsfiske for ungdom - og det i starten av juni då vassmengda i elva brukar være bra, og sjansen for fangst skal være så god som han kan bli.

​Send ein SMS til Sigurd på 971 84 670 med namn, alder og eit nummer du er å treffe på. Start meldinga med Opplæringsfiske. Du bør ha fiska litt frå før av, og være i stand til å handtere ein fiskestang og kroker utan hjelp - du må og ha med eiga utstyr, stang, minst 0,40 sene og fleire slukar (det er lett å sette seg fast og miste slukar i Espedalselva). Gode klær, mat og anna du treng på ein fisketur må du og ha med deg. Vi skal fiske på strekket som FJFF forvaltar på Skogabakka, og oppmøtestad blir ved pumpehuset att med fotballbanen, følg vegen ned forbi samfunnshuset.

Og om du skulle være i tvil: fisket er sjølvsagt gratis!

Les meir om jakt, skyting og fiske på heimesidene til FJFF 

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett