A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Påminning - Breiband til Forsand: orienteringsmøte i kveld med Telenor

I samband med første fase av breibandutbygginga i Forsand ønsker Telenor å orientere nærare om planar og framdrift: Kommunestyresalen i kveld kl. 18:30

Telenor logo
Canal Digital

Det er i denne omgangen områda frå Bergekleiva, sentrale delar av Forsand med Fossanhagen og Bergebakkane fram til og med Rettedal som er omfatta av avtalen Forsand kommune har teikna med Telenor, sjå kart under.

Informasjonsmøtet retter seg i første rekke til hustandar i dette området, men andre interesserte er sjølvsagt og velkomne:

Dei fleste husstandane dette gjeld har allereie fått informasjonsbrev frå Telenor sin innhaldsleverandør Canal Digital om tilbodet, mange har og hatt besøk på døra av representantar frå Telenor og teikna seg for breiband.

Telenor ønsker likevel informere nærare om utbygginga, framdriftsplan, installasjon i eiga bustad mv., og ønsker saman med Forsand kommune ved ordførar Bjarte Sveinsvoll Dagestad velkommen til informasjonsmøte:

Kommunestyresalen
Tysdag 14. mars kl. 18:30

Møtet varer i omlag ein time.

Fase 1

Forsand kommune vil i neste omgang lyse ut anbod på utbygging av internett og utbedring av mobildekning for områda som ikkje er dekka av denne avtalen.

Sjå og: Breiband til Forsand

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett