A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Frå den 21. juni 2013 er det nye reglar for arbeidsinntekt kombinert med pensjon

Pensjonsdommen - konsekvensar ved arbeidsinntekt samstundes som du mottek alderspensjon

Nye reglar for innmelding i offentlege tenestepensjonsordningar:   

Dommen omfattar førebels ikkje lovbestemte pensjonsordningar som f.eks. sjukepleiarar er omfatta av, og heller ikkje undervisningsstillingar som er knytta til Statens pensjonskasse.  Dei som er omfatta av dommen er tilsette i kommunal sektor som er omfatta av KS sitt tariffområde.  DOMMEN GJELD HELLER IKKJE DEI SOM ER STØTTEKONTAKTAR FORDI SLIK INNTEKT IKKJE ER PENSJONSGIVANDE INNTEKT.  (Støttekontaktar er ikkje definert som tilsette, men er oppdragstakarar).

 

Dommen inneber mellom anna at alle tilsette skal meldes inn i tenestepensjonsordninga frå første time dvs. at den tidlegare grensa som var på 14 timar i veka eller meir, er oppheva.  Dette  får konsekvensar for alderspensjonistar som fortsatt arbeider i kommunal sektor.  Dei kunne tidlegare jobbe i inntil 14 timar i veka utan at pensjonen blir redusert.  Det kan dei ikkje lenger. 

Etter TPO-vedtektene § 7-7 1. ledd skal løpende alderspensjon reduseres eller falle bort dersom pensjonisten på ny tar innskuddspliktig stilling, jf. §§ 2-2 og 2-3. Når det no ikkje er nokon nedre grense før tilsette skal bli innmeldt i tenestepensjonsordninga, blir den tilsette innmeldt frå første time.    Det medfører i sin tur at alderspensjonen då skal bli redusert.  Dette kan og få verknad for uførepensjonistar som har ei friinntek (maks 1 G).   Uførepensjonistar som før dei blei uføretrygda hadde arbeid i kommunal sektor og difor mottek uførepensjon frå ein kommunal tenestepensjonsordning, kan ikkje lenger arbeide i kommunal sektor utan at uførepensjonen blir redusert.  Pensjonistar som tek arbeid i privat sektor kan framleis ha inntekt utan at pensjonen blir redusert.  KS har utarbeidd ein kort artikkel om dette temaet som du kan lese her:

Dommen frå arbeidsretten kan du lese her:

Dersom du er i tvil om kva reglar som gjeld for deg, bør du ta kontakt med din arbeidsgivar.

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett