A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge

PPT i Forsand

PP-tenesta er felles for kommunane Strand – Forsand – Hjelmeland og Finnøy og heiter difor PPT for Midt-Ryfylke.

PPT Midt Ryfylke ynskjer å være ein positiv hjelpeteneste

Visjonen er : -fokus på barn og unge i tett samspill med miljøene.

Alle kommunar skal etter Opplæringslova ha ei PP-teneste (§ 5-6).

Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.

PPT skal hjelpa barnehagane og skulane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, slik at dei kan leggje betre til rette for born og unge med særlege behov.

Opplæringslova seier vidare at: Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal og sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Ei sakkunnig vurdering skal alltid føreligga før det vert gjort enkeltvedtak om spesialundervisning i skulen eller spesialpedagogisk hjelp for barn under skolepliktig alder.

Kven er vi?

Fagpersonene som arbeider i PP-tjenesten har høg fagleg utdanning, som oftast innanfor områder som psykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk, logopedi. PPT Midt-Ryfylke har 9 stillingshjemlar. Se eiga liste over tilsette nederst på sida.

Kva kan vi tilby?

-Konsultasjon og veiledning -Utredning og rådgiving -Sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning -Vurdering av behov for viderehenvisning til 2.linjetjenesten -Hjelp til kompetanse- og organisasjonsutvikling

Kven kan få hjelp?

-Barn under skolepliktig alder med særlege behov for oppfølging -Barn og unge i grunnskulealder med særlege behov for oppfølging. -Vaksne med spesialpedagogiske behov. -Foreldre/føresette -Ansatte og leiarar i barnehagar og skular.

Korleis kan ein få hjelp?

Foreldre kan henvisa eige barn til PPT Helsestasjon, skule eller barnehage, kan henvisa etter samtykke frå føresette.

Tidleg hjelp er god hjelp.

Telefon til sentralbord: 51743020

Henvisningsskjema finn du i eigne lenkar nederst på sida

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett