A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Priser utdelt i årets siste Kommunestyre 12.12.2018

Årets tiltakspris

Årets tiltakspris gikk til Hessel Haker. Han vil få overrakt prisen i Kommunestyret i februar.

 

Ausekaret

I år blir Ausekaret delt ut for 18. gong.

I vedtektene står det :

Forsand kommune kan annankvart år dele ut ein kultur- og miljøpris.

Prisen skal vere ei påskjønning til ein person, eit lag eller andre som har utført eit særleg verdifullt arbeid på kulturområdet eller i nærmiljøet i vår kommune.

Prisvinnaren i år får eit kunstverk som viser Forsand sin særeigne natur laga av  RITE kunst med akvarell frå Wenche Sunde og litografi frå Roy Albrigtsen.

Namnet til prisvinnaren står på sjølve kunstverket. I tillegg får prisvinnaren eit handskore Ausekar – med namneplate på, laga etter eldre modell frå treskjerar Inge Haukalid.

Sjølve ”Ausekaret”symboliserer at prisvinnaren ”auser” av seg sjølv med  engasjement og inspirasjon. Laget står for eit kulturtilbod som set Forsand på kartet. Prisvinnaren i dag er kreativ, sosial og har jobba målretta i over førti år innan sitt genuine fagfelt. 

I Forsand har me mange verdige kandidatar. Årleg kjem det inn fleire forslag.

Det å få koma med forslag på kandidatar til kultur- og miljøprisen er med å engasjerer bygdefolket. Ved avgjersle blir alle innkomne forslag vurdert.

Prisvinnaren har alltid fokus på å tilretteleggja og jobba målretta for si idrettsgrein.  Laget har over år skapt eit godt miljø og eit positivt felleskap der dei heiar kvarandre fram. At medlemsmassen omfattar barn og vaksne på tvers av generasjonar i trening og konkurranse er ganske unikt.  Gjennom store arrangement med høgt nivå har laget tatt ansvar og vist at dugnadsånda lever i beste velgåande.  Me er også kjent med at lagsmiljøet er så bra at det har resultert i tilflytting og auka folketal når dei med same interessa busett seg i vår kommune.

Bygda er stolt av prisvinnaren som har bidratt til at Forsand ofte blir omtalt som «lille Island» !  Laget fortener Ausekaret som takk for flott innsats !

Ausekaret – Forsand kommune sin kultur- og miljøpris for 2018 blir tildelt Villingur Islandshestforening.

Ausekaret 2018

Amanda Stangeland, Villingur Islandshest forening.

 

redningsbragd

Arild Ove Hagen fikk påskjønnelse etter redningsbragd i Høgsfjorden.

 

Ungdommer hedres etter båtbrann

 

Ungdommer fikk påskjønnelse etter å ha hjulpet passasjerer av Turistferja Eid som hadde havari i Lysefjorden 17. august 2018.

Torbjørn Berge 

Viktoria Espedal

Guro Frøyland espedal

Martin Fossan

Julian Fossmark 

Espen Eiane Hall (ikke tilstede)

Henrik Gilje Olsen

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett