A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Høgsfjordsambandet - MF FINNØY

Psykiatritenesta i Forsand

-finn du i Helsesenteret i tredje etasje i Forsandheimen.

Målet for psykiatritenesta er å tilby skreddarsydde tenester som fører til personleg vekst og evne til å ta vare på eige liv.

Dette er eit tilbod til deg som på grunn av psykiske plagar, sjukdom, rusproblem eller vanskeleg livssitusjon sliter med å fungere i kvardagen. Du treng ikkje vær sjuk for å ta kontakt. Med denne tenesta ynskjer vi å gje hjelp til å meistre dagleglivet betre.

    * Tilbodet gjeld for alle aldersgruppar.
    * Tenesta innvillgast etter lov om helsetenesta i kommunen §2-1, du har fire vekers klagefrist på vedtak om tenestetildeling.
    * Tenesta er gratis.
    * Begge tilsette har teieplikt.
    * Psykiatritenesta har ulike tilbod for enkeltpersonar og i grupper.
    * Vi samarbeider med andre tenesteområde etter behov.

Gruppetilbod:

    * Torsdager frå kl. 9.30-10.30 er det symjegruppe med påfølgande samling på Aktivitetsenteret.

Enkeltpersonar:

    * - Støttesamtalar, sortera tankar og kjennsler
    * - Miljøarbeid i heimen
    * - Miljøarbeiderteneste i forbindelse med sosial/angst trening.
    * - Strukturere kvardager,
    * - Administrering av medisiner
    * -Tilretteleggje for arbeidstrening ev andre dagtilbod
    * - Utarbeiding av individuelle planar
    * - Pårørende samtaler
    * - Hjelp ved kriser

Dagsturar i sommermåneder i samarbeid med aktivitetssenteret.

Aktiviteter/ kurs/ turar i desember månad i samarbeid med aktivitetssenteret.

I tillegg blir det arrangert informasjonsmøter to gonger i året i samarbeid med brukarorganisasjonen Mental Helse avd. Ryfylke. Slike møte er opne for alle som ønskjer meir kunnskap om psykiske lidingar.


Kontakt:

Psykiatrisk sjukepleiar Marijke Haaland, mob.tlf.: 957 70 719 mha@forsand.kommune.no

Pykiatrisk hjelpepleiar Mally Maudal, mob. tlf.: 993 98 684 msk@forsand.kommune.no

 

Ta kontakt med oss dersom du har behov for å snakke med noen.

Vår arbeidstid er mellom  kl. 08:00 - 15:30

Loading map...
Tip a friendTips ein venn Printer friendlySkriv ut Del artikklen
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett