A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Høgsfjordsambandet - MF FINNØY

Radon - tid for ny måling

Forsand kommune minner om helserisiko og høg sannsynlegheit for auka radonutslepp fleire stader i kommunen, og tilbyr reduserte prisar på målepakkar for radon frå samarbeidspartnar.
Radon

Radon er ein flyktig gass som lett slepp gjennom fundament og vegg i bygningar, om ein ikkje har sett i verk radonforebyggjande tiltak.

Forsand kommune har gjennom kartleggjing slått fast at store delar av kommunens grunn har mykje radonutslepp. Det blei målt radonverdiar i inneluft som ligg over helserisikogrensa, og anbefalt tiltaksgrense.

Forsand kommune arbeidar vidare med kartleggjing av radonkonsentrasjon i kommunen og tilbyr gunstige radonmålingar.

Miljøretta helsevern har inngått ein kontrakt med Radonassistanse AS om reduserte prisar til alle innbyggjarane i medlemskommunane ved kjøp av brikke for måling av radon. Prøvesvar vert rapportert til huseier og til kommunen for vidare kartleggjing.

Kommunane Eigersund, Finnøy, Forsand, Gjesdal, Hjelmeland, Hå, Klepp, Kvitsøy, Lund, Randaberg, Rennesøy, Sandnes, Sokndal, Sola, Stavanger, Strand og Time samarbeidar med Radonassistanse AS om radonmålingar i bustader.

Samarbeidet går ut på at innbyggjarane får reduserte prisar. Kommunane får informasjon om måleresultata.  Arbeidet er eit ledd i å få kartlagt radonførekomst i kommunane.

Målingane bør skje i fyringssesongen, og er enkle å foreta.

I 2009 ble tiltaksgrensa for bustader redusert frå 200 Bq/m³ til 100 Bq/m³.

Radon er ein radioaktiv gass som kan gi helseproblem når den forekommer i for høge konsentrasjonar i inneluft. Nest etter røyking er radon den viktigaste årsaken til lungekreft.

Ei målepakke for måling i to rom kostar kr. 350,- inkl. porto. Dette må huseigar sjølv betale. Du kan bestille målepakke hjå Radonassistanse AS, meny Kampanje, brukernavn HELSE, passord 2011, eller på tlf. 954 51 488.

For meir informasjon om radon i inneluft, sjå Statens Strålevern sine informasjonssider: Radon.

Her kan du lese rapporten frå kartleggjinga i 2003: Radon i Forsand, Statens strålevern

 
 
Tip a friendTips ein venn Printer friendlySkriv ut Del artikklen
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett