Som hovudregel skal alle betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søkje om å få utsett betalinga, få redusert skatten eller sleppe å betale skatt.
Skattepliktige som ikkje er i stand til å betale heile eller delar av den skatten dei skuldar.
Du kan få utsett innbetaling av utskriven skatt eller fritak for forskottstrekk dersom du er mellombels ute av stand til å betale skatten. Årsaker kan vere dødsfall eller alvorleg sjukdom. Skattekravet kan bli sett ned eller fråfalle dersom betalingsevna di er varig svekt.
Skattekontoret, skatteoppkrevjaren (kemner/kommunekasserar), Skatteetaten
Skatteoppkrevjaren vil kunne hjelpe deg med å setje opp ein søknad. Den skal innehalde
Alle opplysningane bør vere dokumenterte.
Kopi av sjølvmelding for dei siste to åra, eventuelt siste likning
Forsand kommune
Skatteoppkrevjaren
4110 FORSAND
eller:
post@forsand.kommune.no
Skatteutvalet avgjer ettergjeving av skatt inntil kr 200 000. I saker som gjeld summar over kr 200 000, har skattekontoret avgjerdsmyndet. Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjeving/nedsetjing som gjeld forseinkingsrenter på inntil kr 50 000.
Det er ikkje høve til å klage over vedtak som er gjort av skatteutvalet. For vedtak som er gjort av skatteoppkrevjar eller skattekontor, kan du klage til overordna organ etter reglane i forvaltningslova. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst eller at situasjonen har endra seg.