A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Ryfylkebiblioteket - blant dei første med e-bøker

Lesehestane blant oss har lenge snakka om kvifor ein i Noreg enno ikkje har klart å bli såpass einige seg i mellom at vi kan få låne e-bøker når dei har vært tilgjengelege i andre land i fleire år. Medan bransjefolket har diskutert har andre gjort noko med det: No ser det ut som om biblioteka i Forsand, Finnøy, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda har funne løysinga - og det før dei fleste andre.
Lesebrett

Samarbeidet mellom biblioteka i dei seks Ryfylkekommunane om ei felles løysing for å kunne tilby e-bøker har vart eit par år, og om alt går som dei planlegg vil du over nyåret kunne låne e-bøker i eit felles bibliotek på internett - Ryfylkebiblioteket.

Det nye med Ryfylkebiblioteket er at dei lokale biblioteka går saman om ei løysing der brukarane kan låne e-bøker frå ei felles samling i eit internett-bibliotek. Dette gjer det mogleg også for mindre  bibliotek med avgrensa ressursar å tilby brukarane e-bøker.

Frå før er det berre Buskerud fylkesbibliotek i Drammen som kan låne ut e-bøker.

Prosjektet med å tilby e-bøker gjennom eit bibliotek du berre finn på internett er ei tilleggsteneste til den vanlege bibliotekdrifta. Ditt lokale bibliotek vil sjølvsagt framleis bestå.

Her kan du lese meir: Bibliotekforum

Visste du forresten at du på sidene til Forsand bibliotek kan:

  • søke i biblioteket sin samling
  • administrere eigne lån
  • få oversikt over dei nyaste titlane
  • søke i gamle foto frå Forsand

Les meir her: Forsand bibliotek

 
 
Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett