Eig du to eller fleire matrikkeleiningar (eigedommar) i same kommunen, kan du krevje å få dei slått saman til éin eigedom med eitt gårds- og bruksnummer. Festar du to festegrunnar (med kvart sitt festenummer) på same bruksnummeret, kan du krevje å få dei slått saman til eitt festenummer. Sjå nedanfor kva for vilkår som må vere oppfylte.
Personar som er heimelshavarar (har grunnboksheimel) til meir enn éin eigedom eller meir enn éin festegrunn
denne tenesta er gratis.
Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom det fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Det er heimelhavaren sitt ansvar å bringe dette i orden. Ta eventuelt kontakt med Tinglysinga hos Statens Kartverk, tlf. 32 11 88 00, dersom du ikkje har oversikt over dette. Kravet om samanslåing sender du til kommunen.
Forsand kommune
Servicetorget
4110 FORSAND
eller:
post@forsand.kommune.no
Kommunen vurderer om vilkåra for samanslåing ligg føre og skriv ut ein attest dersom dei finn ut at forholda for samanslåing er til stades. Dersom heimelshavaren (som festar eller som eigar) krev to festegrunnar (festenummer) føyd saman, må vedkommande sende kopi av kravet til den / dei andre heimelshavarane. Desse får ein frist på to veker til å uttale seg. Krav om samanslåing bør ikkje sendast til tinglysingsmyndigheita før denne fristen på to veker er over. Det er kommunen som i eigedomsregisteret (matrikkelen) avgjer kva for bruksnummer/festenummer som skal stå og kva for nummer som skal settjast til historiske. Sei ifrå dersom du har ønske knytta til dette. Deretter vidaresender kommunen kravet ditt med attest til Tinglysinga hos Statens Kartverk. Dei avgjer om vilkåra for samanslåing er oppfylte og skriv i så fall inn samanslåinga i grunnboka.
Du kan klage dersom kommunen nektar samanslåinga. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli tatt til følgje.