A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Sandnes blir vertskommune for Forsand skule

Bystyret i Sandnes og kommunestyret i Forsand har samrøystes vedteke ein samarbeidsavtale om grunnskule. Avtalen inneber at Sandnes frå 1. juli 2017 er vertskommune for Forsand skule.

Det betyr at Sandnes kommune får ansvar for skuledrifta i Forsand fram til kommunesamanslåinga. Forsand skule får oppfølging og rettleiing frå kommunaldirektøren for oppvekst og hans stab i alle skulefaglege spørsmål. Forsand skule vil og gå inn i skulenettverka i Sandnes og ta del i deira program for skuleutvikling, kompetanseutvikling og erfaringsdeling. Ein person i kommunaldirektøren sin stab vil få eit særleg ansvar for oppfølging av Forsand skule. Vi ser fram til at Forsand skule blir ein del av eit stort og godt skulefagleg miljø, og trur at både elevar, tilsette og føresette vil få fordeler av dette gjennom auka kvalitet på skuletilbodet.

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett