A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Show med the Cop & the Captain

Forsand skule torsdag 15. november kl 19.00

Billettar til sals ved Servicetorget på kommunehuset I Forsand.

 

Har du høyrt om nokon som kan tre seg sjølv gjennom ein tennisracket!  Ikkje det!  Vore utsett for tankelesarar?  Ikkje det heller!   Men denne kvelden kan du få oppleva det !

Då kjem duoen The Cop & The Captain til Forsand og det blir garantert halvsprekkande gale. The Cop er politimannen som blandar tankelesing og underhaldning. Vidar Hansen har faktisk vore i politiet i 14 år og har jobba m.a. med spaning, etteretning og organisert kriminalitet. Med humor, overraskingar og tankelesing har Vidar Hansen blitt ein ettertrakta underhaldar. 

 

Kva er då greia med The Captain?  Det er Captain Frodo. Han kjem eigentleg frå Haugesund, men har reist rundt i nær sagt heile verda som «slangemenneske». Den ekstreme fysikken hans har begeistra publikum både i London, Paris og «down under». Han har turnert med verdskjende sirkustruppar og nå kjem han til Suldal. Du vil bli overraska, sjokkert og begeistra. I tillegg er det utruleg morosamt.

Dette kan jo bare bli ein underhaldande kveld i kulturskulen sine lokale på Forsand skule torsdag 15. november kl 19.00 !

Billett vaksne kr 250.  Barn kr 150.

 

cop8

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett