A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Høgsfjordsambandet - MF FINNØY

Sjukeheim - langtidsopphald

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Får du ikkje dekt ditt daglege behov for pleie og omsorg når du bur heime, kan du søkje om ein plass på sjukeheim.

Kriterier/vilkår

Søkjaren må ha behov for langtidsplass i sjukeheim.

Pris for tjenesten

Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).

aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Saksbehandling

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket. Dersom du får avslag, så skal det grunngjevast.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp frå kommunen, kan du klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør forklare kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Fylkesmannen.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukarrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Pleie og omsorg
Telefon:
51700300
Epost:
post@forsand.kommune.no
Besøksadresse:
Forsandheimen 4110 FORSAND

Ansvarlig enhet

Avdeling:
Pleie og omsorg
Telefon:
51700300
Telefaks:
51 70 00 10
Epost:
post@forsand.kommune.no
Besøksadresse:
Forsandheimen 4110 FORSAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2012-01-24 15:08
Gyldig fra
2010-03-17
Gyldig til
2012-05-16
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett