Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved ei særskild hending, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.
Løyvet kan gjelde
All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om stått kunnskapsprøve.
Kr 250,- for ambulerande løyve
Kr 280,- for eit enkelt høve
Sjå alkohollova § 1-6 andre leddet (enkelt høve) og § 4-5 (ambulerande skjenkjeløyve)
Du må søkje skriftleg i god tid før arrangementet skal vere. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva slags arrangement det er snakk om, kven som er arrangør, kor og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar. Ansvarshavande må gjere seg kjent med føresegnene i alkohollova og med lokale retningsliner.
Legitimasjon
Forsand kommune
Servicetorget
4110 FORSAND
eller:
post@forsand.kommune.no
Søkjer du om skjenkeløyve for eit enkelt, bestemt høve, blir det innhenta fråsegn frå politiet og sosialtenesta. Du får skriftleg melding om vedtaket. Til vanleg får du ei grunngiving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misfornøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Behandlingstida er til vanleg éi veke.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.