A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Slutt på farlege bilete frå norsk natur

Farlige bilete der folk har sett seg sjølve  i ein farleg situasjon i naturen skal fjernast frå marknadsføring av reiselivet i Noreg.

Eksempel på dette frå Forsand er til dømes bilete der folk sitt på kanten av Preikestolen, eller står på Kjeragbolten. Slike bilete skal no ut av marknadsføringa av reiselivet.

Det er Innovasjon Noreg som melder dette.

-Latterleg, seier ordførar i Forsand, Ole Tom Guse. Om me ikkje kan marknadsføre norsk natur gjennom sånne bilete seier me på ein måte at me har ansvar for ulykker som kan skje. Då er me ute på ein galei som me ikkje på ut på.

 

Lensmann i Strand og Forsand, Odd Bjørn Næss synes forbodet er uforståeleg:

-Eg kjenner ikkje til at det har skjedd ulykker ved Kjeragbolten. Eg veit jo at det er eit kjekt bilete å ha. Folk må ta ansvar sjøl.

Her kan du lese meir (nrk.no):

 
Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett