A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Søndagsope bibliotek og teater i kinoen – 2 desember.

Biblioteket vil vera ope ein søndag før jul, som i år blir 2. desember i tidsrommet kl 13 – 16.

Det blir advents- og julebøker for store og små, samt kos på biblioteket med utlån av bøker. 

Med teaterforestillinga Teskjekjerringa julestri i kinoen kl 13  same dag får me også julestemninga på plass !   For det blir ikkje jul utan Prøysen.

Kom å opplev korleis Teskjekjerringa hadde det i julestria når ho blir lita som ei teskjei kvar gong livet blir eit stress, som ofte kan skje rett før jul !

 

Ein kjempekjekk teaterførestilling  for heile familien. Prøysen si historie om Teskjekjerringa og julestria har turnert i heile landet med stor suksess. 

Og i år er det me i Ryfylke som er så heldige å få besøk av Teskjekjerringa - gled deg til eit teaterstykke full av humor som passe både for barn og vaksne !

Billett til teaterforestillinga kan kjøpast på førehand i servicetorget på kommunehuset.  Billett kr 150 for vaksne, som er i følgje med barn.

 

teskjekjerringa julestri

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett