Dersom du har etableringsproblem, kan startlånet bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern, god heilårsbustad. Startlånet blir gjeve
Busituasjonen din er ikkje tilfredsstillande. Du må kunne dokumentere kva husstanden kan betale samla og vere i stand til å betene renter og avdrag på lånet.
Lånet følgjer rentevilkåra i Husbanken.
Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom KS, Husbanken, Sparebankforeningen, Finansnæringens hovedorganisasjon og staten.
Du må sende skriftleg søknad med dokumentasjon til kommunen for å få startlån. Søknadsskjemaet får du ved å vende deg til kommunen eller via lenkja under. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til til å søkje om startlån.
Sjølvmelding og likningsutskrift frå det siste året
Forsand kommune
Servicetorget
4110 FORSAND
eller:
post@forsand.kommune.no
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held kommunen fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for behandling.