A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Stemningsfull kveld på biblioteket

Onsdag kveld førre veka vart ei fin oppleving for dei omlag førti tilhøyrarane som hadde møtt opp på biblioteket for å få med seg boksleppet til Synnøve Virkesdal.
Synnøve Virkesdal

Det var diktsamlinga "Øyeblikk" som vart lansert - og forfattaren kåserte underfundig, men med brodd, leste eigne dikt, og fekk hjelp av ein stødig Per Eikemo med nokre av dikta.

Kvelden vart ikkje mindre lun av det musikalske innslaget som Johannes Pettersen, gitar og Harald Oaland, vokal, sto for.

 

 
Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett