www.forsand.kommune.no

Svangerskapsomsorg i Forsand kommune - jordmor

Publisert: 15. desember 2010 , oppdatert : 13. februar 2019

Forsand kommune har frå 01.01.18 inngått avtale med Sandnes kommune om kjøp av jordmorteneste. Jordmor vil vera tilstade på Forsand helsestasjon onsdagar i partalsveker.

For timebestilling, ring 51 33 59 00 eller send e-post til jordmor@sandnes.kommune.no (unngå å skrive sensitive opplysningar i e-posten). Det er viktig å oppgi på telefon eller e-post at ein bestillar tid hos jordmor på Forsand.

Innskriving på SUS skjer via innsending av skjema. Gravide sender inn opplysningane beskrive på å skjemaet :« Innskriving i fødejournal» i uke 32 per post. Dette dokumentet får ein når ein er inne på ordinær ultralyd eller hos eigen jordmor. Papir sendast til» Fødeavdelingen, Stavanger Universitetssykehus, PB 8100, 4068 Stavanger»

Omvising på SUS får ein via et svangerskapskurs på kurs. Jordmor har meir informasjon om dette.

Kvinner i fødsel kontaktar fødetelefonen på SUS: Tlf: 51 51 92 09, evt. 113 i akutte tilfelle. Når Fødeavdelinga eller AMK får melding om nær føreståande fødsel er det jordmor som avgjer hastegrad og gjer AMK beskjed om hastegrad og kva ressursar som skal sendast til pasienten. Når det gjeld transport til SUS, har ein både ambulanse, ambulansebåt og NLA som kan rykke ut om jordmor på SUS vurderer at reisetida vert for lang eksempelvis pga ingen rutegåande trafikk eller den fødande kvinna har kome for langt i fødselen. Om jordmor skal være med ambulanse/NLA gir Fødeavdelinga AMK beskjed om det. Jordmor er tilgjengeleg for anna helsepersonell for medisinsk vegleiing per telefon i tilfelle kor jordmor ikkje kan sendes ut frå SUS grunna tilhøve på Fødeavdelinga.

Informasjon om Føde- og barselseksjonen på SUS.

Gravide som har termin i nærleiken av feriar oppmodast til å kontakte helsesjukepleiar innan siste månad før termin, for å planleggje oppfølging etter fødsel. Nybakte foreldre oppmodast til å kontakte helsesjukepleiar snarast mogleg etter utskriving frå sjukehus, gjerne utskrivingsdagen. Helsesjukepleiera er å treffe på mobil: 48 89 03 72.

 

Større kart
Tips ein ven Skriv ut