A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Thormod I. Fossan's legat til hjelp for trengande skuleungdom

Kvart år har det vore høve å søke om midler frå dette legatet for studentar på høgskule eller universitet, med heimeadresse i Forsand kommune. Det er vedteke at legatet skal avviklast, men det er framleis høve til å søke om stipend.

For året 2011 vart det lyst ut med søknadsfrist  15.3.2011, men deretter avgjort at søknadsfristen skulle opphevast, så for 2011 kan du søke fram til 31.12.2011 dersom du er student ved høgskule eller universitet. Det er verdt å merke seg at du må ha vore student heile 2011, ikkje ny student frå hausten 2011. Dei som har 50 % eller mindre studium vil få halvparten av fullt stipend som er kr 10 000,- for inneverande år.

Høve til å søke om midler frå legatet  vert lyst ut igjen til våren 2012, men då med søknadsfrist som vil bli oppretthalden.

Legatet vil bli lyst ut att våren 2012 med søknadsfrist 15.03.  Etter denne søknadsrunden vil legatet truleg vere tømt.

Kriterier for å søke er: 

  • Du må vera student ved høgskule eller universitet.
  • Du må vera busett i Forsand kommune.
  • Du kan søkje om du ikkje har fulltids-studie, men vil då ikkje få fullt stipend.
  • Du må ha vore student i heile 2011 for å kunne søkje.


Søknaden må dokumenterast med studiebevis frå skulen der du går, bustadsattest frå folkeregisteret og likningsattest frå siste likning.

Søknad sendast

Forsand kommune
Servicetorget.
4110 FORSAND


Spørsmål om. legatet kan rettast til Audun Grødem på tlf. 51 70 01 21
 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett