A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen © Perly Berge
Du er her: Framsida

Til alle foreldre og føresette på Forsand skule - Dialogmøte

Prosjektet «Den gode skulen» har som føremål å utvikla eit best mogleg læringsmiljø for elevane på Forsand skule. Det er sett ned ei eiga prosjektgruppe for tiltaket. Denne gruppa vil sjå på alle sider av skuledrifta; organisering, innhald, arbeidsmåtar, elevmiljø og samspelet mellom heim og skule.

Vi vil gjerne ha innspel frå dei føresette til arbeidet med å utvikla «Den gode skulen». Difor inviterer vi til

 

DIALOGMØTE OM DEN GODE SKULEN I FORSAND  

PÅ FORSAND KOMMUNEHUS, KOMMUNESTYRESALEN

TORSDAG 16. MARS KL 19.00

 

Program:

Innslag v/Forsand kulturskule

Innlegg frå elevrådet

Orientering om prosjektet «Den gode skulen»

Dialogmøte

 

Vel møtt!!

 

For prosjektgruppa «Den gode skulen»

Ragnvald Riis

Skulefagansvarleg

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett