Ordførar Ole Tom Guse sa i sin tale til vinnarane av Tiltaksprisen 2011 at formannskapet ved fleire høve har vært inne på å gje prisen til nokon innafor primærnæringa:
-Dette er ei næring som er ei stor og viktig grunnbjelke i Forsand kommune sitt næringsliv, primærnæringa spelar i kommunen på mange måter samme rolle som ein stor hjørnesteinsbedrift gjer i ein industrikommune.
-For å markera kor viktig næringa er for Forsand kommune og busetnaden, har formannskapet i år valt å gje Tiltaksprisen for 2011 til:
Inga Skretting, Jan Sigve Schelbred og Roar Larsen tok på vegne av sine respektive lag i mot prisen som var eit todelt verk frå Rite kunst, med eit tresnitt av Roy Albrigtsen og ein akvarell av Wenche Sunde.
Fem tilsette fekk gullklokke for 25 års trofast teneste i kommunen:
Dei vart i tillegg til uret heidra med gode ord og rosande omtale av ordføraren, og ein bukett blomar.