A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Tragedien på Utøya og i Oslo

Ordførar Ole Tom Guse:

-Tragedien i Oslo og Utøya er eit angrep som rammar mange, men er og eit angrep som angår oss alle. Min varmaste medfølelse går til dei næraste pårørande, men tankane går også til alle dei som nå vert fylt av frykt og usikkerheit.

Forsand kyrkje vil i dag vere open fram til klokka 20:00 for dei som ønskjer å nytte denne. Kyrkja er ubetjent, men vakthavande prest Geir Øy kan kontaktast på telefon 975 11 329.

PÅRØRANDETELEFON: Politiet i Oslo har oppretta eit telefonnr. for pårørande på 815 02 800.

Det understrekast at nummeret berre er meint for pårørande, altså dei som har grunn til å tru at nokon av deira næraste kan være direkte berørt.

Anna kontaktinfo:

Rogaland Arbeiderparti, partikontoret på Breitorget i Stavanger, open frå laurdag 23. juli kl 10.30.

Henvendingar til Forsand kommune kan rettast til ordførar Ole Tom Guse på mobil 911 13 013.


Ole Tom Guse
Ordførar
 

 
Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett