A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Treng de arbeidskraft i sommar og vil gi ungdom erfaring frå arbeidslivet?

I prosjektet "Sommarjobb for Skuleungdommar mellom 16 og 17 år" har kommunen no fleire ungdommar som ynskjar å få erfaring fra arbeidslivet.

Lag og organisasjonar: Har dykk arbeid som skuleungdommar kan utføra i sommar? Kommunen dekker lønsutgifter.

Arbeidsplassar eller bønder i Forsand: Kommunen refundere 50% av lønsutgiftene.

Ta kontakt for meir info.

Føremål med ordninga:

Føremål med sommarjobbordninga for skuleungdom er:

  • å gje skuleungdom busette i Forsand, erfaring frå arbeidslivet med tanke på yrkesval og utdanning.
  • å lære skuleungdom kva krav arbeidslivet stiller til arbeidstakarar og kva rettar og pliktar dei har når dei er på jobb.
  • Dekke behov for arbeidskraft i sommarmånadene for arbeidsgjevarar og lag/organisasjonar tilhøyrande i Forsand kommune.
  • å rekruttere lokal ungdom som framtidig arbeidskraft i lokale bedrifter.

Bedrifter, lag og organisasjonar og private som mottek skuleungdom i sommarjobb skal så langt det er mogleg gje skuleungdom meiningsfylte arbeidsoppgåver i tråd med målsetnader for ordninga og så langt det er mogleg og etter ungdommane sine føresetnader i den perioden dei har skuleungdom i arbeid.

 

Så langt det er mogleg, vil kommunen saman med andre aktørar tilby sommarjobb i inntil tre veker, eller 112,5 timar. Du må vere folkeregistrert i Forsand kommune og vere mellom 16 og 17 år, dvs. det året du fyller 16 t.o.m. det året du fyller 17.(10 klasse og første videregående).

Private bedrifter/næringsdrivande som tek imot skuleungdom, må dekkja 50% av løns- og sosiale kostnader. Forsand kommune dekkjer den andre halvparten.

Lag og foreiningar som tek inn skuleungdom i arbeid får dekkja 100% av løns- og 

sosiale kostnader av Forsand kommune.

Private bedrifter/næringsdrivande står likt med organisasjonane og kommunen for 

tildeling av skuleungdom. Der arbeidsgjevar og arbeidssøkjar alt er blitt samde om 

eit tilsetjingshøve på inntil tre veker, har koordinator eit ansvar for at avtalen ligg innanfor gjeldande retningsliner. (Arbeidsgjevaransvar, forsikring o.a.)

 

Ved tilrettelegging av jobbtilbod i offentleg eller privat regi, bør ein unngå at tilboda kjem i vegen for ordinær arbeidskraft og alminneleg arbeidssøkjande.

Det kan bli vanskeleg å oppfylle alle ønskje om arbeid og/eller tidsrom for arbeid. Grunnen er at det dei siste åra har blitt mykje vanskelegare å skaffe nok plasser, særleg for dei yngste. Ein må såleis rekne med at nokre ungdommar kan bli skuffa. Då vil ein vurdere ulike tiltak som prioritering etter alder, loddtrekning eller andre måtar som sikrar at det blir mest mogleg lik handsaming over fleire år.

Skuleungdom som ikkje fungerer i jobb, som syner dårlege haldningar eller som er til fare for seg sjølv eller andre, kan bli oppsagt på kort varsel

 

Skuleungdommane fører timeliste på skjema for registrering av arbeidstid m.m. Arbeidsgjevar har ansvar for lønsutbetaling som skjer på grunnlag av innleverte timelister underskriven av skuleungdom og representant for arbeidsgjevar.

Skuleungdom får ikkje utbetalt løn på forskot. Det blir trekt 50% skatt for dei som ikkje leverer skattekort på førehand


Ta kontakt med Laila Espedal på tlf: 95 21 49 91 eller les@forsand.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett