A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

TV-aksjonen 2011: Forsandbuen var raus

TV-aksjonen 2011 som gjekk til Norsk Folkehjelp sitt arbeid med rydding av miner og klasebomber vart ein suksess i Forsand. Forsandbuen viste seg så raus at kommunen havna på 9. plass i landet med 105 kroner per innbyggjar.
Minehund
Minehund i arbeid

Landsgjennomsnittet var 42 kroner.

Ordførar Ole Tom Guse gleder seg over det gode resultatet, og fortel om ein telefon han fekk sundag føremiddag:

-To sysken ringte og spurte om ein måtte være over 18 år for å kunne samle inn pengar. Eg sa at det gjekk fint om dei hadde nokon vaksne med seg. Dei reiste til Oanes og solgte kanelboller som gav heile 2700 kroner til aksjonen.

-Det kaller eg engasjement!

Dei omlag 20 bøssebærarane som var i sving for innsamlingsaksjonen hadde ein god dag. Det skal og seiast at Norsk Folkehjelp er aktiv i Forsand og gjer mykje godt arbeide for ungdommen.

Her kan du lese meir om Forsand i årets aksjon: TV-aksjonen 2011

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett