www.forsand.kommune.no

Vandrefestival i Lysefjorden!

Publisert: 14. august 2017 , oppdatert : 14. august 2017

For første gang inviteres det til vandrefestival i Lysefjorden.
Sjå her for meir info. Her er det mykje å delta på!

Vandrefestival annonse
Vandrefestival annonse

Lysefjorden har lenge vore ein populær leikeplass for dei som likar ekstreme utfordringar som basehopp, Lysebotn opp på rulleski, ultramarathon og swimrun. Men Lysefjorden har også svært mykje å by på for dei som likar vandring i eit roligare tempo.

Dette vil vi no vise fram med å invitere til ein vandrefestival, der du kan bli med på ulike guida vandreopplevingar, med eit unikt innblikk i lokal kultur og historie.

På programmet står alt frå: fleire dagars vandring langs fjorden, til dagsprogram som "meet the locals" i Lysebotn eller sopptur i Songesand. I den veglause bygda Flørli  inviterer performance kunstneren Agnes Btffn til ein artworkshop «Balanse – SØPSsKULpTUR»  kor tema er å skape ein skulptur av materialer funne i bakken rundt Flørli, for så å  vandre på «Kjærlighets stien», med ein skulptur balanserande på hodet. Festivalen har sitt samlingspunkt i Lysebotn laurdag kveld kor det inviterast til ein sosial kveld for alle vandrarane, med god mat og musikk. 

Festivalen er eit samarbeid mellom Lysefjorden Utvikling, Stavanger Turistforening, Forsand kommune, ReisemålRyfylke/RegionStavanger og alle aktørane i Lysefjorden.
 

Sjå program med oversikt over alle tilboda.

 

Sjå også heimesida for meir info: www.hikingfestival.com

Facebook: Lysefjorden vandrefestival

application/pdfVandrefestival program.pdf 205 KB
Tips ein ven Skriv ut