A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge
Du er her: Framsida

Velkommen til grendemøter om Kulturminneplanen.

Velkommen til grendemøter om Kulturminneplanen : Kunnskap, identitet, verdiskaping 2019

Forsand sin første kulturminneplan har vore ute på offentleg ettersyn.  Eit omfattande arbeid er grunnlag for planen og me ser fram deltaking for innspel frå interesserte.

Føremål med planen

  • - Kulturminner og kulturmiljø er viktige i vårt lokalsamfunn, der me i
  •   vår nye kulturminneplan blir kjent med mange av desse
  • - sjå på sambruk mellom kulturminner, friluftsliv og reiseliv
  • - ønske å tilføra auka kunnskap og interesse for kulturminna
  • - stimulera til god og langsiktig forvaltning av kulturminneverdiene i
  •   den kommunale arealplanlegginga
  • - stimulera til bevaring og istandsetting av kulturminnene
  • - ha ein god handlingsplan med strategi og tiltak for bevaring av
  •   viktige kulturminner   

Kulturminneplanen er kommunedelplan for Forsand kommune.

 

Kulturminneplanen er blitt som ei fin historibok om Forsand kommune.  Mellom desse permane ligg viktig kunnskap som heilt sikkert kjem til nytte etter kommunesamanslåing per 1.1.2020.  Planen har fokus på at dei fleste grendene skal vera representert i tekst og foto. Første presentasjon av kulturminneplanen var på Forsand i april. Før politisk godkjenning i november blir det grendemøter for

 

LYSEBOTN og grendene i LYSEFJORDEN på Forsand kommunehus måndag 30 september kl 17.00

MELING på Meling bedehus onsdag 2. oktober kl 19.00

ESPEDAL på Øvre Espedal grendehus måndag 7. oktober kl 19.00


Les meir i Kulturminneplanen : Kunnskap, identitet, verdiskaping 2019, her

Kulturminneplanen tar utgangspunkt i bygningar registrert før år 1900 i år 1985/86.

Får du ikkje høve til å komma eit av desse møta, kan du likevel komma med innspel til Forsand kommune på e-post post@forsand.kommune.no eller til Forsand kommune, Fossanvegen 380, 4110 Forsand merka med 15/125, frist for innspel er torsdag 10.10.

 

Det er ikkje påmelding, bare kjekt om mange kjem !  

Ev spørsmål ta kontakt med kulturleiar Eva Landre Meling på telefon 51 70 01 44 / 952 00 841 eller på e-post elm@forsand.kommune.no.

                                   

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett