A A A Normal Lo-Fi 6 stjerner
Preikestolen   PerlyBerge

Borgerleg vigsel i Forsand kommune

Ekteskapslova er endra. Ordførar og varaordførar får nå vigselsmyndigheit. Lovendringen trer i kraft 1. januar 2018. Her er litt informasjon om korleis ein skal går fram for å få gjennomført borgeleg vigsel i Forsand kommune. 

Prøvingsattest

For å inngå ekteskap i Norge, må det først bli vurdert om ekteskapsvilkåra er oppfylt. Dette kalles prøving av ekteskapsvilkåra, og det er folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor http://www.skatteetaten.no/no/Person/Folkeregister/Ekteskap-og-samliv/Ekteskap/Ekteskap-i-Norge/  som behandla saka.  På bakgrunn av prøvinga, vil folkeregisteret utskriva ein prøvingsattest.  Attesten er gyldig i fire månader frå utskrivinga.  Alle spørsmål knytta til prøving må bli retta til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor (http://www.skatteetaten.no)

Korleis kan ein avtale tid for vigsel?

De kan avtale tid for vigsel ved å ta kontakt med kommunen tlf: 51700000 eller ved å sende ein mail til post@forsand.kommune.no.  Orginal prøvingsattest frå folkeregisteret må vera innlevert /lagt ved.  http://www.skatteetaten.no/no/Person/Folkeregister/Ekteskap-og-samliv/Ekteskap/Ekteskap-i-Norge/ .

Vigsel kan finna stad i kontortida på kvardagar.  Vigsel kan også finne stad på laurdagar.  Det blir sett ein frist på to månader for å melde inn ønskjer om vigsel på laurdagar.  For perioden 1. juni – 30. august er fristen 20.mai.

Vigseltidspunktet for det aktuelle bryllup, blir fastsett etter samtale mellom brudefolket og vigslar.

Kva for lokaler skal vigselen foregå i  – og kva kostar det ?

Kommunale vigslar finn stad på Ordførarkontoret – kommunehuset.  Vigslar kan finna stad på ein annan stad enn på kommunehuset etter nærmare avtale med vigslar.  Kostnaden ved ein annan vigselstad må brudeparet dekka.  For vigsel som finn stad utanfor kontortid kvardagar og på laurdagar blir det sett eit gebyr på kr. 750,-   for vigsel frå andre kommunar i kontortid blir det sett eit gebyr på kr. 750,-.  Kostnader ved ein annan vigselstad må brudeparet dekka i tillegg.

 

Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS Innlogging intranett